Tekna Bergen og NVTF inviterer til et interessant fagmøte om Vestlandsvegar med journalist og forfattar Halvor Folgerø på VilVite, 28. november. Du kan også se fagmøte digitalt. Kvelden avsluttes med utdeling av Egil Lundebrekke sin minnepris.
Program oppmøte
- 1600 – 1650 Pizza i Kantinen i Thormøhlens gate 53D (TEKNA Bergen)
- 1650 – Gruppen går samlet bort til VilVite i Thormøhlens gate 51.
- 1700 – 1800 Foredrag med Halvor Folgerø – Vestlandsvegar. Foredraget blir også streamet.
- 1800 – 1830 Utdeling av Egil Lundebrekke sin minnepris.
Pizza
Dersom du ønsker pizza før foredraget, er du hjertelig velkommen til kantinen i Thormøhlensgate 53D. Kryss av under tilvalg om du ønsker pizza.
Livestream den 28. nov kl 17:00
Du kan delta digitalt fra din PC – sendingen finner du her >>
Om foredraget
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. Halvor Folgerø skal ta oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.
Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar.
Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen.
Ovanståande er henta frå boka «Vestlandsvegar – historier om farlege og spektakulære vegstrekk | ARK Bokhandel» . Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete frå eit utval av Noregs farlegaste og mest spektakulære vegstrekk.
Halvor Folgerø (født 1967) er en journalist, musiker og forfatter fra Stord. Han har i en årrekke vært ansatt i NRK, der han har vært programleder for blant annet Mediemenerne. Han har skrevet to bøker om Vestlandsvegar:
- Vestlandsvegar, Samlaget (2021)
- Fleire Vestlandsvegar, Samlaget (2022)
Velkommen til et spennende foredrag!